Bildekor frå Voss Prenteverk Grafiske Tenester
Kopitenester 

Storformat

Vår Canon plottar gjer høg kvalitet på ei rekke materialer: papir, vinylfolie, lerret, glossy fotopapir eller kraftig PVC-segl. Me plottar i bredda 1,05 m og opp til 30 m lengde.

Treng du eit segl eller eit byggeplasskilt med logoen din? Eller ein roll-up til å bruka på messer eller i butikken? Me kan forstørra opp foto og laga store plakatar til bruk innandørs eller utandørs.

Me plottar kart og tekniske teikningar og kan montera på plater av aluminium og plast, samt kartong og Kapa-plater.

Den ferdige utskrifta kan laminerast på ei eller begge sider, og me kan setta nagler i segl for lett opphenging.

Me tar imot dokument på minnepenn, CD/DVD eller e-post i dei fleste filformat.