Bildekor frå Voss Prenteverk Grafiske Tenester
Levering av materiell

Levering av materiell

Dei fleste jobbar me mottek i dag blir levert som "digitale originalar". Då har kunden sjølv sett opp trykksaken og leverer oss trykk-klare PDF-filer for produksjon.

Kva er ein trykk-klar, digital original?

For å få best mogleg resultat i offset eller digitaltrykk er det nokre retningslinjer for levering som skil seg frå det ein brukar utskrift på ein skrivar.

Fargar: Bilete du ser på skjermen er i fargane RGB, det er også dei som kjem frå eit digitalkamera eller ein skanner. I trykk brukar me fire fargar, CMYK, som står for cyan, magenta, gul og svart. RGB-fargar må omformast til trykkfargar før me kan bruka dei i produksjonen. Dette er noko me kan gjera for deg, eller du kan gjera dette sjølv om du vil ha presis kontroll med fargeverdiane.

I digitaltrykk er fargeomfanget større enn i offset-trykk, og du vil få best kvalitet om du brukar RGB-bilete i Adobe RGB-fargerom.

Spotfargar: Dette er spesielle farger som er definert i fargereferansesystemet Pantone Matching System (PMS). Ekstrafargane kan brukast i tillegg til CMYK i offsetproduksjon eller åleina, men ikkje i digitaltrykk. For å levera trykk-klare filer med PMS-fargar må du nytta eit program som støttar dette, til eksempel frå Adobe, Quark eller Corel. Program i kontorpakken frå Microsoft, Word, Publisher osb. støtter ikkje dette.

Bilete og grafikk: Fotografi og anna punktgrafikk bør vera i minst 300 dpi oppløysing. Til plott i stort format treng du ikkje den same oppløysinga om dette ikkje skal sjåast nært, det held med 200 dpi eller mindre. Me kan gje råd eller laga ein prøveutskrift om du treng det. Bilete henta frå internett er stort sett ikkje gode nok for trykk i den storleiken du ser dei på skjermen. Del storleiken med tre for å få god kvalitet i trykk.

Utfallande trykk: Om du vil ha trykk som går ut over kanten på papiret, må du nytta utfallande trykk. Legg til minst 3 mm ekstra rundt alle kantane av trykksaken. Bilete og grafikk må gå heilt ut til denne margen, me kuttar dette vekk i ferdiggjeringen. Program i kontorpakken frå Microsoft, Word, Publisher osb. støtter ikkje dette. Me kan hjelpa deg med oppsett av din trykksak om du vil det. Kom med manus eller ein kladd over det du tenkjer å laga og me skal hjelpa deg å få det beste resultatet.