Einar Hauge og Even Aske

Gamle setjekasser frå lokala under Avhaldskaféen

Frå flyttinga til Ungdomshallen i 1977

Einar Hauge med den fyrste fotosetjaren på Voss

Jon Aske monterer sats på gamlemåten

Ein del av den nye trykkerisalen
![]()
B.J.Johannessen var den fyrste postmeistaren på Voss. I 1906 tok han til å gje ut Voss Avis. Den vart fyrst prenta i Bergen, men så fekk Johannessen seg ei lita handpresse og tok til å trykkja avisa sjølv. Det vart etter kvart trong for ei større og betre presse. Johannessen fekk då kjøpa ei presse av eldre modell, og kapasiteten vart fleirdobla. Men ein måtte vera tre mann når ho skulle brukast, ein til å leggja på papiret, ein til å ta det av og ein til å snu maskinen - så lenge ein ikkje hadde elektrisk motor.
Hausten 1941 vart Prenteverket selt til Einar Hauge og Even Aske. Begge var frå Sandane i Nordfjord og hadde arbeidd i Prenteverket sidan 1929.
1941–1972
I
starten heldt dei til med trykkinga bak det gamle apoteket, som låg
nedanfor stasjonsområdet, bak det noverande huset til røyrleggjar
Søreide. Seinare vart verksemda flytta til kjellaren under
Avhaldskafeen.
Rommet i Avhaldskaféen kan nok ha vore bra i si
tid, men mørkt var det alltid,og det var lågt under taket. I 1972 fekk
Prenteverket leiga nokre rom i kjellaren til anekset til Avhaldskafeen.
1972
Voss Prenteverk fekk si fyrste offset trykkmaskin i januar 1972. Dette var ei Heidelberg Kord A2 maskin. Format opptil 46 x 64 cm ark, minste ark 21 x 29,7. Men for at ein skulle kunna trykkja med offsetpressa måtte ein ha både kamera og platemakar. Alt dette vart kjøpt samstundes med offsetpressa. Dei fyrste filmane vart framkalla manuelt, men etter få månader vart det kjøpt ei framkallarmaskin for fotosatspapir. Ein hadde no kome så langt at ein kunne fotografera og framkalla grafisk film, montera film og brenna trykkferdige offsetplater. Sjølve trykkinga hadde dei ein kar frå leverandørfirmaet til å undervisa seg i. Han var der ei veke, og tok det svært grundig. Heidelberg hadde bygt dei nye offset-pressene over same leist som dei tidlegare boktrykkmaskinene. Såleis vart det mykje lettare å «betjena» dei. Men på den tid hadde ingen noko særleg erfaring i sjølve offset-teknikken. Det var ingen å spørja; alt måtte prøvast ut her. Det vart nok ein del mislukka resultat i byrjinga. Seinare har det vist seg at alle opplevde overgangen til offset på same måte.
1977
I 1977 fekk dei leiga kjellarlokala i «Ungdomshallen». Med større plass kunne Prenteverket gå til innkjøp av ei Heidelberg GTO A3 -maskin. Ein vegg måtte rivast for å få maskinane inn under Ungdomshallen. Begge offsetmaskinane vart plasserte der.
1982
Januar 1982 flytta Prenteverket inn på 390 kvm i «Vossabygg». Her vart bygt eit heilt "nytt" prenteverk med stor trykkerisal, platerom, mørkerom, lager, fotosetjar / ombrekkarrom og kontor i sokkelhøgda. Etasjen over (messaninen) inneheld repo, kontor, lager, matrom og garderobar. Med messaninen har Prenteverket i dag 490 kvm. Februar 1982 vart siste rest frå Avhaldskafeen og Ungdomshallen flytta ut. Ein epoke var slutt. Prenteverket hadde i alle år, som så mange små trykkeri, freista tilværet i tronge kjellarlokale. Difor vart overgangen til tidsmessige lokale stor. Ein fekk leggja alt til rette for ein grei gang i produksjonen - og ikkje som før ta den plassen som var ledig. Arbeidsmiljøet vart også eit heilt anna.
