Voss Prenteverk Grafiske Tenester AS er ei grafisk verksemd som leverar produkt og tenester innan trykksakproduksjon, grafisk formgjeving, kopiering og storformatplot. Med over 100 år i faget står me klar til å hjelpe deg, entan du treng tradisjonelle trykksaker eller ynskjer å nytta dei tekniske nyvinningane me tilbyr. Prenteverket fiksar det meste.
Med offset, digitaltrykk eller storformatplotting dekker me dei fleste av dine kommunikasjonskanalar. Du får alt samla på ein stad, med hyggelege prisar frå folk du kan stola på. Tradisjonelle kontortrykksaker eller personifisert digitaltrykk i stort eller lite opplag er noko av det me gjer dagleg.
Me kan gje di verksemd ny drakt, logo og identitet med ein heilhet som skil deg frå dine konkurrentar. Treng du nokon som kan setta opp eit månadsblad, ei avis eller medlemsblad, er me dei rette. Reklamemateriell, bøker, faldarar, skilt og fasadedekor er blant dei andre tenestene me tilbyr. Vår førtrykkavdeling kan ta seg av scanning og ombrekking om du treng hjelp med det.